søndag 30. november 2008

Ulike typar intelligensar

I pedagogikken denne veka har eg lært om intelligensteori og læringsstilar. Eg har tenkt ein del på dette emnet, kva er eigentleg intelligens? Kven er det som har rett til å bestemme at ein suksessfull advokat er meir intelligent enn ein kunstnar som lever av å selje eit bilde i ny og ned? Det finnes mange eksempel på at det ikkje bare alltid er dei elevane som gjer det bra på skulen som lykkast her i livet. Ta for eksempel Albert Einstein. Han var ikkje akkurat noko skulegeni, i tillegg hadde han ADHD og vart rett og slett misforstått på skulen. Det finnes ikkje svar på kva som er intelligens. Vi menneske har mange ulike typar intelligensar, og heldigvis for det! Korleis hadde verden vår sett ut idag viss ikkje?


Howard Gardner er professor i pedagogikk og neurologi. Han har lenge forska på menneske sine intelligensar. Han hevdar at alle menneske er fødde med dei ulike typane intelligens, men dei blir utvikla ulikt ifrå person til person. Denne teorien kom han med på 80- talet, og det blir kalla multi- intelligensar (MI). Gardner seier at vi menneske har minst ti ulike typar intelligensar, og at dei er lokaliserte på bestemte stader i hjernen.


Her har eg repetert litt for meg sjølv, og skrive litt om 8 av dei ulike intelligensane.


1. Verbal- lingvistisk intelligens:
Det er evna til å lære seg munnlege og skriftlege språk, og evna til å bruke kunnskapen sin om språk for å oppnå noko.

2. Logisk- matematisk intelligens:
Evna til å gjere ein logisk analyse av problem, evne til å bruka matematiske utrekningar og til å gjere vitskapelege undersøkingar.

3. Musikalsk intelligens:
Evne til å uttrykkje seg musikalsk gjennom å meistra eit instrument

4. Spatial intelligens:
Evne til å sjå rimlege relasjonar, godt utvikla hos til dømes kunstnarar.

5. Kroppsleg eller kinestetisk intelligens:
Evne til å kontrollera kroppsrørsler, og til å bruka kroppen for å skapa noko eller løysa eit problem.

6. Interpersonleg intelligens:
Evne til å oppfatta andre menneske sine kjensler, følelsar og behov. Forstår ulike relasjonar mellom mennesker.

7. Intrapersonleg intelligens:
Ein person som har sjølvinnsikt, altså kjenner har seg sjølv og kan setja seg realistiske mål. Han har og innsikt i eigne kjensler og handlingar.

8. Natur- intelligens:
Evne til innsikt og kunnskap om den levande naturen, kjærleik til andre levande organismar.

5 kommentarer:

Esben sa...

Hei Marie,

Jeg er helt enig med deg i at mange kan lykkest veldig godt her i livet, selv om de ikke var noen skolelys.

Du trenger så klart ikke svare, men jeg er litt nysgjerrig på hvilken kategori av Gardner sine intelligenser du tror du faller under, og hvorfor?

Steinar sa...

Hei! Ja, Einstein var eit geni som ikkje blei oppdaga på skulen. Det kan sikkert ha mange årsaker, kvifor trur du han blei misforstått, og trur ddu me kan lære noko av det i dag?

Marie sa...

Hei Esben! takk for kommentar:)

Eg trur eg må ha litt tid til å tenkja på nett da. Dessutan trur eg ikkje at folk berre fell innafor ein kategori, men fleire:)

Marie sa...

Hei Steinar!

Ja som eg nemnte i bloggen trur eg det kan ha noko å gjera med at han hadde ADHD. Det var ikkje så mykje forståelse rundt den tilstanden før i tida, og dette kan ha gjort at han blei sett på som ein "bråkmaker" i si skuletid.

Det vi kan lære av det idag er kor viktig det er med tilpassa opplæring, slik at elevar med forskjellige tilstandar ikkje fell utanfor "fellesskapen" i klasserommet:)

Esben sa...

Hei Marie,Jeg er helt enig i at vi faller innenfor de fleste, noe jeg fikk bekreftet da jeg tok en Gardner test som jeg fant på en blogg til en i klassen:-)

takk for at du tok deg tid til å svare.

Lykke til på eksamen da:-)