mandag 24. november 2008

Sosiokulturelle perspektiv

Denne veka har eg lært ein del om det sosiokulturelle synet på læring, og ein del om ein mann som heitte Lev Vygotskij. Det sosiokulturelle perspektivet tar utgangspunkt i at læring skjer som ein sosial og kulturell prosess, og ikkje individuelt. Det individuelle er eit resultat av sosialt samspel. Denne teorien fokuserer på elevens læring, men understrekar også kor viktig rolla læraren har som veileder og støtte.

Lev Vygotskij var ein pedagogisk tenkjar og psykolog. Han bygde opp ein psykologi på eit marxistisk grunnlag. Dei sosiokulturelle perspektiva vi har i dag byggjer mykje på Vygotskij sin psykologi.

Vygotskij meiner at språk er den viktigaste reiskapen som vi menneske har. Han seier at språket ikkje er noko vi eiger, men noko som samfunnet har skapt. Dette avgjer altså korleis vi ser på verden rundt oss. Språk fungerer både innover og utover, altså er det både internalisering og eksternalisering.

Internalisering: Det vil seia å ta noko til seg. Ein tilegnar seg noko ifrå omgivnadene, til dømes viss ein lærer seg eit nytt språk.

Eksternalisering: Det vil seie å gi noko frå seg. Ein gir frå seg tankar, følelsar, språk ein har inni seg, og deler det med omgivnadene.
Vygotskij meiner og at all utvikling og kunnskap først skjer sosialt, og så individuelt. Utviklinga skjer to gangar og på to plan, først ilag med andre, og så på eiga hand etterpå.

I dagens samfunn er dei sosiokulturelle perspektiva ganske aktuelle. Eg synes sjølv det er ein grei læringsteori, og synes det er viktig at elevane kjem fram i lyset. Eg synes ein bør gjere mest mogleg for å prøve å forstå elevane betre, og korleis dei tenkjer.

5 kommentarer:

Sissel sa...

Hei Marie.

Takker for en informativ blogg, kan man vel si at du er en av mine mediatorer innen pedagogikk faget nå når jeg har lest bloggen din;-)

Jeg har fått med meg at Vygotsky mener at språk er den viktigste redskapen vi har, og i motsetning til Piaget, mener han at språk kommer før forståelse av ting. Er du 100% enig i det? Selv har jeg erfart at noen barn forstår verden rundt seg på en utmerket måte og har mange begreper inne før de selv kan uttrykke seg muntlig ved eget språk.

Steinar sa...

Hei, hei!

Fin oppsummering!
Korleis ser du for deg at din lærargjerning kan bli påverka i praksis av desse tankane?

Marie sa...

Hei Sissel! takk for kommentar.

Eg har tenkt ein del på akkurat det du spør om, og eg må vel sei at ikkje er 100% einig i verken Piaget eller Vygotsky. Eg og har personlege erfaringar med at barn har stor forståelse for ting før dei uttrykker seg ved munnleg språk. Og dette støtter litt oppunder Piaget sitt syn.

Men, korleis skal ein definere ordet språk? er språk bare noko ein uttrykkjer munnleg? For dersom Vygotsky tenkte på til dømes kroppsuttrykk som ein form for språk, så er det jo rett at språket kjem før forståelse.

Marie sa...

Hei Steinar!

Eg trur nok at min lærarstil vil i stor grad bli påverka av det sosiokulturelle perspektivet. Ein ting eg har lært, både ute i praksis og i pedagogikken er at ein må alltid hugsa på at elevane kan vere gode veiledarar for kvarandre. Dette kjem eg til å ha med meg i bakhovudet i lang tid.

Eg er også einig i det sosiokulturelle synet på eleven, og på læraren si rolle. Eg meinar at eleven bør vera i sentrum, men læraren må ha ei sterk rolle som rettleiar og vere støtte for eleven.

Steinar sa...

Den strategien støttar eg!