fredag 7. november 2008

Kognitiv læringsteori

Dei kognitive teoriane fokuserer på dei indre tankeprosessane. Etter timen vi hadde på onsdag så begynte eg å tenkje litt på korleis hjernen faktisk fungerer. Det er temmeleg utrulege greier, og ikkje så enkelt å forstå seg på.

Hukommelse er og ganske fascinerande. Det at hjernen kan lagre informasjon i kortidsminne og langtidsminne, at den kan hente fram informasjon når du treng den, og at du plutseleg kan komma på noko du eigentleg hadde gløymt heilt ut.

Dei kognitive læringsteoriane deler langtidsminnet inn i tre grupper:
Ferdigheitar- Dette er ting som er blitt automatiserte. For eksempel så trur eg aldri eg kunne gløymt korleis ein syklar eller går, uansett kor lenge det var sidan sist.
Episodisk- Dette er når informasjonen du tar inn blir knytt til noko personleg, når det er noko du sjølv opplever. For eksempel: vi har ei hytta oppe på hardangervidda, og der har eg vore mange gongar. Sjølv om det er lenge sidan sist så kan eg bare lukke igjen auga, og då klarar eg å sjå føre meg akkurat korleis det ser ut.
Semantisk- Dette er kunnskap som er vanskeleg å få tak i. Det er informasjon som blir oppfatta som kjedeleg (det er ofte under denne kategorien skulen kjem innunder).
Her kan vi sjå at det er viktig for oss lærarar å gje elevane noko å hengja kunnskapen på, vi må visa dei parallellar til noko dei allereie kan, og prøva å gjere det kjent og personleg.

Av og til skulle eg ønskje at hjernen hadde ein funksjon der ein bare kunne stenge ute tankar og minner. For det er ikkje bare kjekke minner som kjem innunder det episodiske langtidsminnet. Tragiske og triste hendingar er naturlegvis personlege for dei som er innblanda, og dette er minner som følgjer ein resten av livet. Ein kan ikkje plukke ut dei minna ein vil halde på, dersom noko hamnar innunder den episodiske kategorien så må ein ha dei med seg i hukommelsen.

5 kommentarer:

Unknown sa...

Dette var fine tanker rundt kognitivisme og du har forklart med gode eksempler på hvordan langtidsminnet er delt opp i tre deler. Et episodisk eksempel som jeg selv ofte opplever, er ved å kjenne en lukt som jeg knytter opp til en hendelse. Ved eksempelvis å gå forbi en resturant og kjenne matlukten der kan plutselig gjennskape bilder fra ferie i syden.

Steinar sa...

Godt poeng at hjernen også huskar hendingar og fakta som me eigentleg ikkje vil huska. Det er det faktisk svært viktig å huske på:-)

Kan du begrunne kvifor det kan vere viktig å for lærarar å ha dette i bakhovudet?

Marie sa...

takk for kommentar Jan Even:)

Marie sa...

Svar til Steinar:

Det kan vere lurt for lærarar å ha dette i bakhovudet når dei prøver å forstå dei ulike elevane. Ord, bilete, ting og mykje anna kan framkalla minner hos elevane. Dette kan skape ulike reaksjonar, som kan føre til utfordrande situasjonar i skulesamanheng.

I tillegg trur eg at dersom ein hugsar på dette så kan det gje oss betre forståelse for korleis hjernen fungerer. For dette betyr jo at vi ikkje kan kontrollere vår eigen hjerne til alle tider, og det kan vere vanskeleg å innsjå.

Steinar sa...

Jepp, minner gjere det ubehagleg for oss også. Eg har hatt eit par slike opplevingar i klasserommet, dei blei skikkeleg vondt for fleire av oss.