søndag 16. november 2008

Konstruktivisme

Utgangspunktet til konstruktivismen er at individet må konstruere kunnskap på eige hand. Dette er i motsetnad til læringsteoriane behaviorisme og kognitivisme som seier at kunnskap skal overførast. Når det gjeld dette er eg mest einig med konstruktivismen, eg meinar at ein må fokusere meir på elevens læring enn på lærarens undervisning. Elevane er ulike individ, ein må bli kjend med elevane og deretter tilrettelegga undervisninga etter deira behov.

Piaget sa at læringsprosessen består av to delprosessar, assimilasjon og akkomodasjon.

Assimilasjon vil seie ”å tilpasse verden til seg sjølv”. La oss seie at eg har eit mentalt skjema om ein ting/ eit emne. Ved assimilering så lærer eg noko nytt som eg knyt til det mentale skjemaet som eg har om den tingen/ det emnet. Eg tolkar informasjonen ut ifrå dei mentale skjema eg har frå før. Dette treng ikkje nødvendigvis vere korrekt informasjon, ein kan tilføre ting som ikkje stemmer til eit mentalt skjema.

Akkomodasjon vil seie ”å tilpasse seg sjølv til verden”. La oss seie at eg lærer noko om ein ting. Så viser det seg at det mentale skjemaet eg hadde om den tingen frå før av var feil, då må eg endre på det mentale skjemaet og tilpasse meg til den nye kunnskapen eg har lært.

Assimilasjon kan skape ubalanse utan at ein er klar over det. Her lærer ein ting slik ein sjølv oppfattar det. Dersom ein ikkje er klar over at det er ubalanse i det ein lærer så blir ein verande på dette nivået. Det er med akkomodasjon at læringa verkeleg startar, for der får ein riktig informasjon.


Piaget har og sagt at ein har ein indre motivasjon for å tileigne seg kunnskap, dette blir kalla likevektsprinsippet. Han seier det er ein medfødt indre prosess. Dersom eg får vite at noko eg har gått rundt å trudd ikkje stemmer likevel så får eg ein ubalanse. Likevektsprinsippet seier at når eg får ein slik ubalanse så skapar det motivasjon til at eg vil finne ut kva som er riktig.

5 kommentarer:

Steinar sa...

Flott at du fokuserer på å bruke eit kognitivt språk. Kvifor trur du eg meiner det er bra, forresten?

Eit anna interessant spørsmål i forlenginga av det du skriv om akkomodasjon: I kva grad og korleis kan du vere sikker på at det "nye" du er lærer er rett?

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Akkomodasjon og assimilasjon er viktig begrep. Kan ein kople desse til sammenhengen mellom kognitivisme og konstruktivisme, og overgongen mellom dei?

Viss så, grei ut!
Flott post, du er presis og konkret - og du forklarar enkelt og forståeleg.

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Les Steinar denne posten igjen, så vil eg at han skal svara på eit spørsmål. Du meiner det er bra med eit kognitivt språk, men vil ikkje det få utslag i internaliseringprosessen? Sett ut i fra konstruktivistisk syn=)

Steinar sa...

Hei, sjølvsagt les eg denne posten igjen:-)


Sidan Marie ikkje enno har svart, så skal eg gi tre grunnar til kvifor det er bra å bruke eit kognitivt språk:

1-Fordi då må ein operasjonalisere kunnskapen, ved å bruke omgrepa i samanheng blir språket forhåpentleg meir enn figurativt "papegøyespråk"

2-Fordi det tyder på at kunnskapen held på å bli internalisert

3-Fordi de som kommande lærarar treng eit eige fagspråk. Dette gir omgrep som er nyttig bakgrunn for den daglege lærarpraksis, planlegging av undervisning for eksempel. Dernest treng de eit fagspråk til hjelp i diskusjonar med kollegaer og diverse hjelpeinstansar, som f.eks PPT

Marie sa...

Eg trur at grunnen til at du meiner det er bra å skrive med eit kognitivt språk er at då har eg gjort stoffet til mitt eige. Det viser at ein klarar å setja stoffet inn i andre samanhengar, og setje andre ord på det. Dvs. at ein har forstått det ein skriv om.