fredag 17. oktober 2008

Behaviorismen

I bloggen min denne veka så vil eg skriva om kva eg meinar om behaviorismen. Eg vil seie litt om kva eg er einig i, og kva eg er ueinig i.

Behaviorismen har full fokus på det ytre ved menneske. Eg synes og det er viktig å sjå på det ytre, men ikkje bare på det. Etter mi meining må ein finna ein middelveg mellom det indre og det ytre.

Dette med belønning og straff kan jo vere ein god måte til å få elevar til å oppføre seg slik ein vil dei skal. Og dette er noko ein nesten heilt sikkert kjem til å nytta som lærar. Men kor langt skal ein gå? Ein kan ikkje gjere slik at elevane forventar belønning kvar gong dei gjere noko riktig/godt. Korleis kjem dei då til å oppføre seg i samanhengar utanom skulen? Og seinare i livet?

Behaviorismen sitt syn på læring er eg ikkje heilt einig i. Teorien seier at kunnskapen er ferdig og objektiv og skal bare overførast til eleven. Då vil eg ta eit eksempel. Sjå føre deg ein mattematikktime. Eleven lærer at 9*7 er 63. Og då veit eleven at 9*7 er 63, men veit dei kvifor? Det er jo viktig at dei forstår kvifor det er slik, og ikkje bare puggar. Og dersom kunnskap bare skulle bli overført, kor ville vi då vert i dag? Vi er avhengig av utvikling, derfor må ein ta i mot kunnskap og så byggja vidare på denne.

Til slutt vil eg seie at eg er einig i at læraren bør stå litt i sentrum. Elevane må ha ein del rammer rundt seg for at dei skal jobbe godt, men her også til ein viss grad. Det er viktig for sosialiseringsprosessen at elevane lærar seg å arbeida i grupper, og at dei kan samarbeida godt med medelevar.

2 kommentarer:

Ingunn Marie sa...

Hei!
du skriv mykje bra om behaviorismen, men kva meiner du sjølv når det gjelder straff og belønning? Kor langt vil du gå når det gjelde å gi elevane belønning?

Du meiner at du ikkje er heilt enige i deira syn på læring.
Kva meiner du er det rette synet på læring?

Det med at læreren bør være i sentrum er veldig viktig å huske på. Bare disse to dagene vi har vært i praksis , har jeg allerede lært at det er viktig at elevene vet hvem som er skjefen og hvem som bestemmer i timen.

Steinar sa...

Ja, behaviorismen er absolutt aktuell i dagens skule, at læraren, eller trenaren, er viktig, er svaret til Ingunn Marie eit døme på.