fredag 3. oktober 2008

Den didaktiske relasjonsmodellen

No skal vi snart ut i praksis igjen, og denne gangen skal vi sjølv leggja opp eit par undervisningstimar. Dette vil nok verta ei utfordring no i byrjinga for oss ferske lærarstudentar, men det vil nok verta enklare etter kvart som ein blir sikrare på seg sjølv og kor ein står.

Etter pedagogikkundervisninga denne veka har eg fått eit inntrykk av at den didaktiske relasjonsmodellen til Bjørndal og Lieberg er ein god rettleiingsmodell å forholda seg til medan ein planlegg undervisningstimar. Eg meiner denne modellen egnar seg godt til å ivareta elevane sine interesser. Det er ein detaljert modell, og den viser veldig godt korleis alt heng saman. At ein liten ting kan verke inn på korleis ei heil økt bør planleggjast. Dette gjer at modellen er dynamisk, noko eg meiner er viktig. Ein lærar må vere dynamisk, då ein må vere forberedt på at ein må gjere endringar i undervisninga si undervegs.

Modellen inneheld seks kategoriar, og understrekar at det ikkje er sjølvsagt kva kategori som kjem først. Ein må sjå på undervisninga som ein heilskap. Ein lærar må vurdere dei ulike kategoriane samtidig, fordi avgjersler rundt ein kategori kan påverke ein anna.

· Mål
· Innhald
· Didaktiske føresetnader (elev- og lærarføresetnader)
· Rammefaktorar
· Læringsaktivitetar
· Vurdering

Mål - Det er veldig viktig at læraren set seg mål for kva han vil oppnå i undervisninga. Dette er viktig for både elevane og læraren slik at dei kan ha noko å strekkja seg mot. Måla for kva elevane skal læra seg i løpet av skuleåret er allereie sett, dei finn du i kunnskapsløftet. Så er det læraren sitt ansvar å porsjonere dette jamt utover skuleåret.
Innhald - Noko av det eg synes er viktigast når innhaldet skal plukkast ut er at det blir gitt tilpassa opplæring til elevane. I nesten alle klassar i landet vil du finna elevar med forskjellige ”behov”. Læraren kan ikkje bare kjøra på med det som står i læreplanen, ein må tilpassa og velja ut stoff ifrå lærebøkene. Eg likte veldig godt dette ”headfittingsprinsippet” som Steinar nemnte i timen, ”hattar som er litt større enn hovudet, passar best”.
Didaktiske føresetnader - Her er det mykje som spelar inn. Eg tykkjer det bør vere sånn at ein lærar skal gjere seg godt kjend med elevane sine. Læringa må tilpassast utifrå blant anna kva alderstrinn elevane er på, kor dei ligg fagleg, sosial bakgrunn og mykje anna. Og det er viktig at ein som lærar veit at dette endrar seg over tid.
Rammefaktorar - Ein lærar har mange rammer å forholda seg til når han planlegg undervisninga. Du har dei formelle rammene, ressursrammene og dei uformelle rammene. Som nyutdanna lærar på ein heilt ny skule kan kanskje dei uformelle rammene vera dei som er vanskelegast å forholda seg til. Dei formelle rammene er ganske klare, og det er noko som er likt over heile landet. Ressursrammene kan kanskje øydeleggje opplegget ditt for ein time. Dersom du f. eks hadde tenkt å bruka eit bestemt rom, men det viste seg å vera oppteke, så kan du jo vere tidleg ute og reservera det til neste gong. Men dei uformelle rammene er ikkje alltid like klare. Og det kan ta litt tid før ein lære seg til kva som er ”skulekoden” på akkurat den skulen.
Læringsaktivitetar – Det finnes ikkje noko fasitsvar på kva som er den beste læremetoden. Eg tykkjer det er viktig å variera læringsaktivitetane, og kanskje la elevane få kome med forslag til metodar. Eg tykkjer også at det er viktig med tilpassa opplæring, for ingen elevar er like. Alle arbeidsmåtar har både svake og sterke sider, nettopp derfor er det viktig med variasjon.
Vurdering - vurdering er ei ganske stor oppgåve for læraren. Har han nådd målet sitt? Korleis?/ kvifor ikkje? Her og er det viktig å tenkje tilpassa opplæring. Det kan vere like bra prestasjon av ein elev å få karakteren 3 på ein prøve, som det er for ein anna elev å få 5 på same prøven. Igjen er det viktig å kjenne elevane sine, og rose dei når du veit dei har oppnådd noko som er bra for den einskilde eleven, sjølv om det kanskje var det lågaste resultatet i klassen.

4 kommentarer:

Steinar sa...

Flott at du understrekar dynamikken i modellen, det er heilt sentralt at kategoriane heng saman.

Det er også heilt rett at modellen i utgangspunktet likestiller alle kategoriane, men kor i diamanten føler du personleg for å ta utgangspunkt?

Anonym sa...

Hei Marie!
Har lest blogginnlegget ditt om
"den didaktiske relasjonsmodellen" og skal no prøva som din "kritiske venn" å gi deg ei framøvemelding.
Eg tykkjer du har skrive eit flott innlegg der du har greid godt ut om dei forskjellige sidene av modellen og kva faktorar som påverkar dei.
Har du gjort deg nokre tankar om korleis du ville nytta
"headfittingprinsippet" i praksis? Evt. nokre konkrete metodar?

Marie sa...

Svar til Jan Egil:)
min tanke om headfittingprinnsippet er at elevane alltid skal ho noko å strekkja seg mot. Til dømes dette med tilpassa lekseplan. Eg må kjenna kvar elev, og leggja nivået på mengd og vanskegrad slik at den einskilde eleven vil meistra det. Men så må det vera noko litt vanskelegare, så dei kan få noko å veksa på=)

Marie sa...

svar til Steinar=)
Eg vil finna det naturleg å ta utgangspunkt i faktoren mål. Eg kan setja mål for ei økt, og så fylla inn resten i modellen utifrå kva eg mål eg vil oppnå i økta:)