fredag 10. oktober 2008

Korleis kan ein lærar finna sin ”stil”?

Om ca 4 år er eg (forhåpentlegvis) ein nyutdanna og fersk lærar. Då må eg stå på eigne bein, og eg må jobba med å laga meg ein ”stil” som eg vil bruka i undervisninga.

Men korleis kan ein lærar finna sin eigen ”stil”? Eg meinar det er viktig at ein ikkje følgjer eit eksempel slavisk, men lagar seg noko eige. Alle menneske er forskjellige, derfor er ikkje dette noko ein kan lesa seg til. Det blir ikkje personleg dersom ein bestemmer seg for å ”gå etter boka”, det vil vere noko som passar for nokon av oss, og ikkje for alle.

Dei fleste av oss, det gjeld vertfall meg, har hatt ein lærar ein gong som vi ser litt opp til. Eg har fleire gongar sagt til meg sjølv at ”sånn lærar har eg også lyst til å bli”. Men dette med ”stil” går mykje på kva personlegdom vi har som utgangspunkt. Fordi om ”stilen” til den læraren eg hugsar som ein vellukka lærar fungerer kjempebra for han, så er det ikkje sikkert den gjer det for meg. Det går ikkje an å kopiera ein anna, men ein kan merke seg kva det er han gjer som fungerer så godt, og ta det med seg som eit tips. Det kan vere godt å ha ideal, og det kan fungere som inspirasjon i arbeidet ein driv med.

For å finne sin eigen ”stil” meinar eg at ein må ha sjølvinnsikt. Ein må byggje på dei kvalitetane ein har, og gjere det til noko ein kan ta med seg inn i klasserommet. For at ein lærar skal få respekt frå elevane må han vera trygg på seg sjølv og den ”stilen” han viser i klasserommet.

Eg har sett meg nokre mål om kva eg vil prøva ut i den prosessen der eg skal finna min ”stil”. Eg vil ta med meg alt eg har lært og alt eg har opplevd, og utifrå dette skapa noko eige. Eg synes det er viktig at ein må våge å prøve, og heller ta sjansen på at dette kan resultere i at ein feilar. Slik vil ein få med seg verdifull lærdom.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Marie!
Syns du tar opp noko viktig. Dette med at ein ikkje kan kopiere ein annan lærar sin stil er nok noko ein kan tru at ein gjer, men som du peiker på, ein vil allvegs utføre "rolla" slik ein tolker den, og ikkje minst med sin eigen personlege veremåte. Eg er heilt einig i at ein må prøve og feile som du sjølv seier. Det er med dette som med det pedagogiske grunnsynet, ein kan plukke litt her og der. Til syvende og sist er det slik ein blir eit "ekte" menneske, og lærar. Bra, heilt einig!

Steinar sa...

Lukke til med vidareutvikling av Mariestilen- du er på god veg:-)