Kva er sosialisering? Sosialisering omfattar både den målretta eller tilsikta og den ikkje- målretta eller utilsikta påverknad av individet (Imsen, 2006). Sosialisering er den prosessen som formar oss til å bli samfunnsmenneske. Vi lærer korleis vi skal oppføre oss i spesielle situasjonar, vi lærer normer og uformelle lover og reglar. Sosialisering er altså ein interaksjonsprosess der samfunnet overtar individet, og individet overtar samfunnet (Westrheim, 2009). I dag blir eit barn påverka frå alle hald. Når eit barn er nyfødd, er det den næraste familien som påverkar. Familien kallar vi primærsosialiseringa. Etter ei tid så kjem barnehagen inn i biletet, og då er det plutseleg fleire nye personar å forholda seg til. Nokre år seinare så er det tid for å velje å vrake i dei titals fritidsaktivitetane som melder seg, og så er det klart for skule. Barnehage og skule er det vi kallar sekundærsosialisering for eit barn. Å byrja på skule er eit stort steg å ta, då får ungane eit større ansvar enn det dei er vane med frå før. Skuletida fortset i mange år framover, og blir meir og meir alvorleg jo eldre ein blir. I tillegg til alt dette, er det mange instansar til som påverkar menneske i alle aldrar. Blant anna jamnaldringar og massemedia.
Massemedia
Massemedia er med å avgjer ein stor del av kva samfunnet skal vere oppteken av, det er massemedia som set dagsordenen! Til dømes dersom det er ein demonstrasjon i Oslo, så kan media blåse det sånn opp at heile landet får det med seg, men er det ein stor folkedemonstrasjon i Drammen som media ikkje bryr seg om, så er det ingen andre enn lokalbefolkninga som får det med seg. Barn og unge er i ein alder som gjer at dei er litt ekstra lette å påverke, og det er noko massemedia utnyttar på sitt sterkaste. Overalt er det ”fancy” reklamar som suger til seg merksemd frå dei unge, som igjen masar hol i hovudet på foreldra heilt til dei får det dei vil ha. Media legg også eit veldig press på ungdomen. Overalt ser dei ”flotte modellar”, idol og andre uheldige førebilete som får dei til å føle at dei også må sjå sånn ut. Mykje av det barn og ungdom ser på TV er eigentleg ikkje ekte, men det er veldig vanskeleg for dei å skilje kva som
er verkelegheit, og kva som er regissert. Massemedia utnyttar alle dei elektroniske kjeldene, TV, internett, DVD osv., Det gjer at folk blir omringa av slike manipulerte bilder. Det går så langt at mange unge jenter slit med usunne sjølvbilete. Tenkt at det er så mange firma rundt om i verda som lar sal av ulike produkt gå føre unge jenter si helse? Det er ikkje bare reklamar som påverkar dei unge, PC- spel, mobiltelefonar og TV er har gjennom åra blitt viktige kjelder til barn og ungdom si sosialisering.
er verkelegheit, og kva som er regissert. Massemedia utnyttar alle dei elektroniske kjeldene, TV, internett, DVD osv., Det gjer at folk blir omringa av slike manipulerte bilder. Det går så langt at mange unge jenter slit med usunne sjølvbilete. Tenkt at det er så mange firma rundt om i verda som lar sal av ulike produkt gå føre unge jenter si helse? Det er ikkje bare reklamar som påverkar dei unge, PC- spel, mobiltelefonar og TV er har gjennom åra blitt viktige kjelder til barn og ungdom si sosialisering. Mine, dine, våre, deira….

Slike familieforhold er dessverre kvardagen for ein del barn rundt om i verda. Tidlegare var det vanleg med såkalla storfamiliar. Søsken, foreldre og besteforeldre budde ilag, og besteforeldre tok stor del i oppdraginga av barna. I dag er det annleis, det er meir vanleg med aleineforeldre enn før. Eg meinar at eit barn som veks opp i ein familie med skilde foreldre har like gode oppvekstvilkår som andre barn, men det er avhengig av at foreldra samarbeidar godt. Det er dessverre mange tilfeller der foreldra ikkje tar omsyn til barna, og det kan få alvorlege konsekvensar. Barna føler dei blir dregne mellom to verder, og må lyge til den eine for å tilfredstille den andre. Sånne bører burde ikkje eit barn eller ein ungdom ha, dei har allereie rikeleg nok å tenke på.
Korleis høyrer leik heime i skulen?

Ein lærar må vere forsiktig så ein ikkje endar opp som ein planstyrt lærar. Det er læraren som skal ha kontrollen, og målet må vere å ha ein lærarstyrt plan. Eg tykkjer sjølvsagt det er positivt med planlegging, men kanskje ikkje i så stor grad som det blir sett krav til lærarane i dag. Eg sjølv har eit stort behov for å planlegge, og skriv hugselister for den minste ting. Då får eg ein følelse av orden, som igjen fører til at eg kan slappe litt meir av. Når det blir lagt så mykje vekt på planar og planlegging som i dag, så trur eg det vil få ein motsatt effekt.
Eg ser at dersom ein av faktorane endrar seg, så er det lett føre at alle endrar seg. Dette har gjort meg bevisst på å alltid vere førebudd på at endringar kan skje, for det skjer svært ofte. Når eg skal fylle ut ein diamant så tenkjer eg fyrst på målet med økta. Eg tykkjer målet er grunnleggjande for alle dei andre faktorane i diamanten. Når eg har sett meg målet med økta, så føler eg på ein måte at rammefaktorane, innhaldet og vurderinga kjem av seg sjølv. Når det gjeld elevføresetnader og arbeidsmåtar, så er det viktig å ta hensyn til dei mange ulike elevane i klassen, og det er viktig at eg kjenner til elevane frå før. Når eg kjem til elevføresetnader kan eg slå opp i læreplanane og sjå kva elevane "skal kunna", men det er ikkje realiteten for alle elevane. Når eg er i praksis er det litt vanskeleg, for eg føler ikkje eg kjenner godt nok til kompetansen til elevane. Derfor lagar eg arbeid som skal kunna passa for både gjennomsnittet, dei litt sterkare og dei ikkje fullt så sterke elevane. Til no har det fungert veldig bra. Arbeidsmetodar kan og vere ei utfordring. Her må ein ta hensyn til korleis elevane arbeidar best, og kven dei kan arbeida med. Ein må vurdere arbeidsmåtane opp mot kva stoff ein skal arbeide med og. Igjen kjem eg fram til at ein må kjenna elevane godt.



