fredag 13. februar 2009

Motivere, korleis klare det?

Dei siste tre vekene har eg lært ganske mykje nytt omkring begrepet motivasjon. Eg har eigentleg fått eit heilt nytt syn på begrepet. I forbindelse med det har eg stilt meg ein del spørsmål. Korleis skal eg som lærar klare å motivere kvar einskild elev? Kva er det som må til? Går det eigentleg an?

Å motivere elevar
For å klare å skape ein motivasjon hos elevane er det ein del faktorar som må vere på plass. Det eg tykkjer er aller viktigast for at det skal gå an, er at ein som lærar må kjenna elevane sine godt. Ein må veta mykje meir enn korleis elevane klarar seg fagleg, ein må veta kva som er interessene deira, og kva som opptar elevane aller mest. Ein lærar må bruke interessene til elevane, og knytte dei opp mot det faglege.

Nokre ulike motivasjonsteoriar
Det behavioristiske perspektivet legg stor vekt på straff og belønning. I Imsen står det at i klassisk behavioristisk teori er det straff og belønning som er hovudårsaken til at individet engasjerer seg og utfører ein handling. Dette er eg ganske einig i, det finnes mange ulike situasjonar der individet ikkje ser den eigentlege meininga med å gjere den oppgåva dei skal, og då treng dei ein ekstra motivasjon for å utføre oppgåva. Dette gjeld både elevar og vaksne.

Det humanistiske perspektivet seier at alle sider ved personen kan bidra til å skape motivasjon, både tankar, følelsar og oppfatningar av omverda (Imsen, 2006). Det seier også at både tillærde og medfødde behov kan liggje til grunn for motivasjon. Det er noko eg er heilt einig i. Det er sjølvsagt mange behov som er medfødde, slik som mat og drikke, og andre livsviktige ting. Eg trur likevel at nokre av behova til oss menneske blir forma utifrå det miljøet vi lever i.

Indre og ytre motivasjon
Når vi snakkar om motivasjon er det vanleg å skilja mellom indre og ytre motivasjon. Indre motivasjon er når eit individ gjer noko fordi det er kjekt og meiningsfylt, og når ein aktivitet i seg sjølv er nok til at individet held den ved like. Eg tykkjer indre motivasjon er svært viktig, og at målet til oss lærarar må vere å skape indre motivasjon hos elevane. Det er då elevane lærer det dei held på med aller best.

Ytre motivasjon er når eit individ kun held på med ein aktivitet fordi dei ser at dei kan få ei belønning som eigentleg ikkje har noko med aktiviteten å gjere. Til dømes så er det jo eit kjent fenomen at ungar ofte blir lova dessert dersom dei et opp all middagen først. I skulesituasjon meinar eg at ei slik belønning kan kallast ein slags ”falsk motivasjon”, og at det eigentlege formålet med oppgåva blir vekke. Eleven tenkjer kun på belønninga og ikkje det ein skulle ha lært av prosessen.

Ei av oppgåvene mine som lærar vil verta å skapa indre motivasjon hos elevane, og eg trur at ein må ta i bruk litt ytre motivering for å oppnå dette.

5 kommentarer:

Magnar sa...

Hei.
Liker veldig godt du argumenterer for at det er viktig å kjenne elevane. Dette er også ein ting eg setter svært høgt i mitt grunnsyn. Likar også vinklinga di på straff og belønning. Eg ser klare paralellar med det du skriv, og slik eg har oppfatta min egen skulegang og det eg har sett i praksis. Eit spørsmål til slutt. Kva typar ytre motiveringar vil du bruke? Dette kjem heilt an på elevane, men i grove trekk, kva "metode" vil du bruke?:)

Steinar sa...

Innlegget ditt peikar på fleire sentrale sider omkring motivasjon. For det første at ein må kjenne elevane sine. Utfordringa her er korleis ein kan arbeide for å få kjennskap til interesser, sterke og svake sider?

Dernest har du mest tru på indre motivasjon. Eg trur også at denne er sterkast, du skriv også at du trur du må bruke ytre motivasjon for å få i gang den indre. Kan du prøve å konkretisere korleis dette kan gjerast?

Marie sa...

Svar til Magnar:)

Foreløpig trur eg at den typen ytre motivering eg vil bruke blir at eg lokkar elevane med forskjellige belønningar dersom dei arbeidar bra i timen. Til dømes kan eg seie at dei skal få friminutt ti minuttar før, eller at dei sjølv skal få bestemme kva dei skal gjera i gymtimen, sånne enkle småting.

Marie sa...

Svar til Steinar!

Å få fram indre motivasjon hos elevane blir nok ei stor utfordring, spesielt hos dei yngre.

Ein måte å bruke ytre motivasjon for å forsterke den indre motivasjonen er å gje ros og gode tilbakemeldingar til elevane. Når ein elev gjer eit arbeid og eg som lærar kjem med ei god tilbakemelding, kan det gjere at eleven "veks litt" på rosen og skapar eit betre eigarforhold til arbeidet. Det kan resultere i at eleven blir motivert til å fortsette på same måten.

Steinar sa...

Du får gjere nokre små eksemperiment i praksisperioden:-)