mandag 2. mars 2009

Undervisningsplanlegging

I kor stor grad skal læraren følgja planar til punkt å prikke? Finnes det noko oppskrift for korleis ein skal planleggja timane på riktig måte? Bør planlegginga gå utover undervisninga?

Dette er spørsmål som melder seg når lærarar skal planleggja undervisning. Spesielt trur eg at det er vanskelege spørsmål for ferske lærarar, og det fører til at dei får følelsen av å ha blitt kasta ut i lærarrolla. Ein lærar må vere forsiktig så ein ikkje endar opp som ein planstyrt lærar. Det er læraren som skal ha kontrollen, og målet må vere å ha ein lærarstyrt plan. Eg tykkjer sjølvsagt det er positivt med planlegging, men kanskje ikkje i så stor grad som det blir sett krav til lærarane i dag. Eg sjølv har eit stort behov for å planlegge, og skriv hugselister for den minste ting. Då får eg ein følelse av orden, som igjen fører til at eg kan slappe litt meir av. Når det blir lagt så mykje vekt på planar og planlegging som i dag, så trur eg det vil få ein motsatt effekt.

Eg trur all planlegginga i den norske skulen til slutt går ut over elevane. Når læraren får ansvar for å lage årsplanar, halvårsplanar, vekeplanar, fagplanar, timeplanar, arbeidsplanar, lekseplanar osv. så vil sjølvsagt mykje av konsentrasjonen til læraren gå vekk til dette, og ikkje til kunnskapsformidlinga. Eg tykkjer pensumet for elevane burde vore mykje meir fastsett i læreplanane. No står det kva elevane skal kunne etter endt fjerde årstrinn. Dette legg mykje ansvar på lærarane då det blir deira oppgåve å fordele alt pensumet utover 1, 2, 3 og 4 årstrinn. Dessutan hadde det blitt meir likt over heile landet kva elevane skulle læra for kvart år.


Den didaktiske relasjonsmodellen

Når eg nyttar den didaktiske relasjonsmodellen ute i praksis, så ser eg veldig godt samanhengane mellom dei ulike faktorane.

Eg ser at dersom ein av faktorane endrar seg, så er det lett føre at alle endrar seg. Dette har gjort meg bevisst på å alltid vere førebudd på at endringar kan skje, for det skjer svært ofte. Når eg skal fylle ut ein diamant så tenkjer eg fyrst på målet med økta. Eg tykkjer målet er grunnleggjande for alle dei andre faktorane i diamanten. Når eg har sett meg målet med økta, så føler eg på ein måte at rammefaktorane, innhaldet og vurderinga kjem av seg sjølv. Når det gjeld elevføresetnader og arbeidsmåtar, så er det viktig å ta hensyn til dei mange ulike elevane i klassen, og det er viktig at eg kjenner til elevane frå før. Når eg kjem til elevføresetnader kan eg slå opp i læreplanane og sjå kva elevane "skal kunna", men det er ikkje realiteten for alle elevane. Når eg er i praksis er det litt vanskeleg, for eg føler ikkje eg kjenner godt nok til kompetansen til elevane. Derfor lagar eg arbeid som skal kunna passa for både gjennomsnittet, dei litt sterkare og dei ikkje fullt så sterke elevane. Til no har det fungert veldig bra. Arbeidsmetodar kan og vere ei utfordring. Her må ein ta hensyn til korleis elevane arbeidar best, og kven dei kan arbeida med. Ein må vurdere arbeidsmåtane opp mot kva stoff ein skal arbeide med og. Igjen kjem eg fram til at ein må kjenna elevane godt.

3 kommentarer:

Lisa sa...

Hei Marie :o)

Takk for et fint innlegg, det er tydelig at du har full kontroll over diamanten og hva de forskjellige faktorerne står for.

Du har mange bra poeng, og jeg vil gi deg en stjerne for dine refleksjoner rundt alle planene og at disse burde være planlagt fra et høyere hold, for å spare tid og krefter, samt få et mer likt opplegg for hele landet. Jeg er helt enig med deg her, og mener og at pensum bør være mer tilpasset planene. Jeg tror du har helt rett i at det går alt for masse tid med til planlegging, at mange lærere blir planstyrte og at det går ut over elevene... Mon ikke det kommer endringer snart? Jeg tror det!

Du skal og få en stjerne for dine refleksjoner rundt TPO i forbindelse med planlegging av timene, dette er VELDIG viktig, men lett å glemme når en er ivrig med å planlegge en økt.

Du skriver følgende;

Når eg har sett meg målet med økta, så føler eg på ein måte at rammefaktorane, innhaldet og vurderinga kjem av seg sjølv.

Det høres veldig enkelt og lett ut, jeg synes ofte at det er dette som kan være litt vanskelig, da man jo nettopp har et mål, og at veien dit kan være både lang og tung... Personlig føler jeg at målet er det enkleste men at innholdet er vanskelig, for hvordan skal en komme seg til målet på den mest motiverende måten? Mitt ønske må være litt utdyping her...

Lisa

Marie sa...

Takk for god tilbakemelding Lisa:)

Eg ser at eg kanskje har uttrykt meg litt feil der. Det eg meinar er at når eg planlegg ei økt og har sett målet, så har eg på ein måte allereie klart føre meg kva elevane skal gjere, og kva stoff eg skal bruke. Eg brukar bøkene til å få idear til måla, og då har eg stort sett orden på innhaldet. Rammefaktorane meinar eg er ganske greie, då må eg vurdere om det kan kome noko i vegen for opplegget (rombruk osv.), eller om det er noko i opplegget mitt som krev ein del verktøy.

Så det eg meinte var at ein del av faktorane finn eg utifrå målet:)

Steinar sa...

Det er bra at du reflekterer omkring forskjellen på lærarstyrt og planstyrt undervisning. Det er ein viktig forskjelle du trekkjer fram og dermed viser at du er bevisst på!

Kjennskap til dei ulike elevane er klart eit godt utgangspunkt for å gjere velfunderte val, for eksempel når det gjeld arbeidsmåtar. Har du ein personleg favorittmetode som du vil prøve i praksis, og kvifor likar du denne metoden så godt?