fredag 1. mai 2009

Sosialisering

Kva er det som er med og formar eit barn i dagens samfunn? Kan foreldre bestemme kva barna skal bli påverka av? Arven har ein del å seie for korleis eit menneske utviklar seg, men det har absolutt miljøet også.

Kva er sosialisering? Sosialisering omfattar både den målretta eller tilsikta og den ikkje- målretta eller utilsikta påverknad av individet (Imsen, 2006). Sosialisering er den prosessen som formar oss til å bli samfunnsmenneske. Vi lærer korleis vi skal oppføre oss i spesielle situasjonar, vi lærer normer og uformelle lover og reglar. Sosialisering er altså ein interaksjonsprosess der samfunnet overtar individet, og individet overtar samfunnet (Westrheim, 2009). I dag blir eit barn påverka frå alle hald. Når eit barn er nyfødd, er det den næraste familien som påverkar. Familien kallar vi primærsosialiseringa. Etter ei tid så kjem barnehagen inn i biletet, og då er det plutseleg fleire nye personar å forholda seg til. Nokre år seinare så er det tid for å velje å vrake i dei titals fritidsaktivitetane som melder seg, og så er det klart for skule. Barnehage og skule er det vi kallar sekundærsosialisering for eit barn. Å byrja på skule er eit stort steg å ta, då får ungane eit større ansvar enn det dei er vane med frå før. Skuletida fortset i mange år framover, og blir meir og meir alvorleg jo eldre ein blir. I tillegg til alt dette, er det mange instansar til som påverkar menneske i alle aldrar. Blant anna jamnaldringar og massemedia.

Massemedia

Massemedia er med å avgjer ein stor del av kva samfunnet skal vere oppteken av, det er massemedia som set dagsordenen! Til dømes dersom det er ein demonstrasjon i Oslo, så kan media blåse det sånn opp at heile landet får det med seg, men er det ein stor folkedemonstrasjon i Drammen som media ikkje bryr seg om, så er det ingen andre enn lokalbefolkninga som får det med seg. Barn og unge er i ein alder som gjer at dei er litt ekstra lette å påverke, og det er noko massemedia utnyttar på sitt sterkaste. Overalt er det ”fancy” reklamar som suger til seg merksemd frå dei unge, som igjen masar hol i hovudet på foreldra heilt til dei får det dei vil ha. Media legg også eit veldig press på ungdomen. Overalt ser dei ”flotte modellar”, idol og andre uheldige førebilete som får dei til å føle at dei også må sjå sånn ut. Mykje av det barn og ungdom ser på TV er eigentleg ikkje ekte, men det er veldig vanskeleg for dei å skilje kva som er verkelegheit, og kva som er regissert. Massemedia utnyttar alle dei elektroniske kjeldene, TV, internett, DVD osv., Det gjer at folk blir omringa av slike manipulerte bilder. Det går så langt at mange unge jenter slit med usunne sjølvbilete. Tenkt at det er så mange firma rundt om i verda som lar sal av ulike produkt gå føre unge jenter si helse? Det er ikkje bare reklamar som påverkar dei unge, PC- spel, mobiltelefonar og TV er har gjennom åra blitt viktige kjelder til barn og ungdom si sosialisering.

Mine, dine, våre, deira….

Slike familieforhold er dessverre kvardagen for ein del barn rundt om i verda. Tidlegare var det vanleg med såkalla storfamiliar. Søsken, foreldre og besteforeldre budde ilag, og besteforeldre tok stor del i oppdraginga av barna. I dag er det annleis, det er meir vanleg med aleineforeldre enn før. Eg meinar at eit barn som veks opp i ein familie med skilde foreldre har like gode oppvekstvilkår som andre barn, men det er avhengig av at foreldra samarbeidar godt. Det er dessverre mange tilfeller der foreldra ikkje tar omsyn til barna, og det kan få alvorlege konsekvensar. Barna føler dei blir dregne mellom to verder, og må lyge til den eine for å tilfredstille den andre. Sånne bører burde ikkje eit barn eller ein ungdom ha, dei har allereie rikeleg nok å tenke på.

Ingen kommentarer: