fredag 17. oktober 2008

Behaviorismen

I bloggen min denne veka så vil eg skriva om kva eg meinar om behaviorismen. Eg vil seie litt om kva eg er einig i, og kva eg er ueinig i.

Behaviorismen har full fokus på det ytre ved menneske. Eg synes og det er viktig å sjå på det ytre, men ikkje bare på det. Etter mi meining må ein finna ein middelveg mellom det indre og det ytre.

Dette med belønning og straff kan jo vere ein god måte til å få elevar til å oppføre seg slik ein vil dei skal. Og dette er noko ein nesten heilt sikkert kjem til å nytta som lærar. Men kor langt skal ein gå? Ein kan ikkje gjere slik at elevane forventar belønning kvar gong dei gjere noko riktig/godt. Korleis kjem dei då til å oppføre seg i samanhengar utanom skulen? Og seinare i livet?

Behaviorismen sitt syn på læring er eg ikkje heilt einig i. Teorien seier at kunnskapen er ferdig og objektiv og skal bare overførast til eleven. Då vil eg ta eit eksempel. Sjå føre deg ein mattematikktime. Eleven lærer at 9*7 er 63. Og då veit eleven at 9*7 er 63, men veit dei kvifor? Det er jo viktig at dei forstår kvifor det er slik, og ikkje bare puggar. Og dersom kunnskap bare skulle bli overført, kor ville vi då vert i dag? Vi er avhengig av utvikling, derfor må ein ta i mot kunnskap og så byggja vidare på denne.

Til slutt vil eg seie at eg er einig i at læraren bør stå litt i sentrum. Elevane må ha ein del rammer rundt seg for at dei skal jobbe godt, men her også til ein viss grad. Det er viktig for sosialiseringsprosessen at elevane lærar seg å arbeida i grupper, og at dei kan samarbeida godt med medelevar.

fredag 10. oktober 2008

Korleis kan ein lærar finna sin ”stil”?

Om ca 4 år er eg (forhåpentlegvis) ein nyutdanna og fersk lærar. Då må eg stå på eigne bein, og eg må jobba med å laga meg ein ”stil” som eg vil bruka i undervisninga.

Men korleis kan ein lærar finna sin eigen ”stil”? Eg meinar det er viktig at ein ikkje følgjer eit eksempel slavisk, men lagar seg noko eige. Alle menneske er forskjellige, derfor er ikkje dette noko ein kan lesa seg til. Det blir ikkje personleg dersom ein bestemmer seg for å ”gå etter boka”, det vil vere noko som passar for nokon av oss, og ikkje for alle.

Dei fleste av oss, det gjeld vertfall meg, har hatt ein lærar ein gong som vi ser litt opp til. Eg har fleire gongar sagt til meg sjølv at ”sånn lærar har eg også lyst til å bli”. Men dette med ”stil” går mykje på kva personlegdom vi har som utgangspunkt. Fordi om ”stilen” til den læraren eg hugsar som ein vellukka lærar fungerer kjempebra for han, så er det ikkje sikkert den gjer det for meg. Det går ikkje an å kopiera ein anna, men ein kan merke seg kva det er han gjer som fungerer så godt, og ta det med seg som eit tips. Det kan vere godt å ha ideal, og det kan fungere som inspirasjon i arbeidet ein driv med.

For å finne sin eigen ”stil” meinar eg at ein må ha sjølvinnsikt. Ein må byggje på dei kvalitetane ein har, og gjere det til noko ein kan ta med seg inn i klasserommet. For at ein lærar skal få respekt frå elevane må han vera trygg på seg sjølv og den ”stilen” han viser i klasserommet.

Eg har sett meg nokre mål om kva eg vil prøva ut i den prosessen der eg skal finna min ”stil”. Eg vil ta med meg alt eg har lært og alt eg har opplevd, og utifrå dette skapa noko eige. Eg synes det er viktig at ein må våge å prøve, og heller ta sjansen på at dette kan resultere i at ein feilar. Slik vil ein få med seg verdifull lærdom.

fredag 3. oktober 2008

Den didaktiske relasjonsmodellen

No skal vi snart ut i praksis igjen, og denne gangen skal vi sjølv leggja opp eit par undervisningstimar. Dette vil nok verta ei utfordring no i byrjinga for oss ferske lærarstudentar, men det vil nok verta enklare etter kvart som ein blir sikrare på seg sjølv og kor ein står.

Etter pedagogikkundervisninga denne veka har eg fått eit inntrykk av at den didaktiske relasjonsmodellen til Bjørndal og Lieberg er ein god rettleiingsmodell å forholda seg til medan ein planlegg undervisningstimar. Eg meiner denne modellen egnar seg godt til å ivareta elevane sine interesser. Det er ein detaljert modell, og den viser veldig godt korleis alt heng saman. At ein liten ting kan verke inn på korleis ei heil økt bør planleggjast. Dette gjer at modellen er dynamisk, noko eg meiner er viktig. Ein lærar må vere dynamisk, då ein må vere forberedt på at ein må gjere endringar i undervisninga si undervegs.

Modellen inneheld seks kategoriar, og understrekar at det ikkje er sjølvsagt kva kategori som kjem først. Ein må sjå på undervisninga som ein heilskap. Ein lærar må vurdere dei ulike kategoriane samtidig, fordi avgjersler rundt ein kategori kan påverke ein anna.

· Mål
· Innhald
· Didaktiske føresetnader (elev- og lærarføresetnader)
· Rammefaktorar
· Læringsaktivitetar
· Vurdering

Mål - Det er veldig viktig at læraren set seg mål for kva han vil oppnå i undervisninga. Dette er viktig for både elevane og læraren slik at dei kan ha noko å strekkja seg mot. Måla for kva elevane skal læra seg i løpet av skuleåret er allereie sett, dei finn du i kunnskapsløftet. Så er det læraren sitt ansvar å porsjonere dette jamt utover skuleåret.
Innhald - Noko av det eg synes er viktigast når innhaldet skal plukkast ut er at det blir gitt tilpassa opplæring til elevane. I nesten alle klassar i landet vil du finna elevar med forskjellige ”behov”. Læraren kan ikkje bare kjøra på med det som står i læreplanen, ein må tilpassa og velja ut stoff ifrå lærebøkene. Eg likte veldig godt dette ”headfittingsprinsippet” som Steinar nemnte i timen, ”hattar som er litt større enn hovudet, passar best”.
Didaktiske føresetnader - Her er det mykje som spelar inn. Eg tykkjer det bør vere sånn at ein lærar skal gjere seg godt kjend med elevane sine. Læringa må tilpassast utifrå blant anna kva alderstrinn elevane er på, kor dei ligg fagleg, sosial bakgrunn og mykje anna. Og det er viktig at ein som lærar veit at dette endrar seg over tid.
Rammefaktorar - Ein lærar har mange rammer å forholda seg til når han planlegg undervisninga. Du har dei formelle rammene, ressursrammene og dei uformelle rammene. Som nyutdanna lærar på ein heilt ny skule kan kanskje dei uformelle rammene vera dei som er vanskelegast å forholda seg til. Dei formelle rammene er ganske klare, og det er noko som er likt over heile landet. Ressursrammene kan kanskje øydeleggje opplegget ditt for ein time. Dersom du f. eks hadde tenkt å bruka eit bestemt rom, men det viste seg å vera oppteke, så kan du jo vere tidleg ute og reservera det til neste gong. Men dei uformelle rammene er ikkje alltid like klare. Og det kan ta litt tid før ein lære seg til kva som er ”skulekoden” på akkurat den skulen.
Læringsaktivitetar – Det finnes ikkje noko fasitsvar på kva som er den beste læremetoden. Eg tykkjer det er viktig å variera læringsaktivitetane, og kanskje la elevane få kome med forslag til metodar. Eg tykkjer også at det er viktig med tilpassa opplæring, for ingen elevar er like. Alle arbeidsmåtar har både svake og sterke sider, nettopp derfor er det viktig med variasjon.
Vurdering - vurdering er ei ganske stor oppgåve for læraren. Har han nådd målet sitt? Korleis?/ kvifor ikkje? Her og er det viktig å tenkje tilpassa opplæring. Det kan vere like bra prestasjon av ein elev å få karakteren 3 på ein prøve, som det er for ein anna elev å få 5 på same prøven. Igjen er det viktig å kjenne elevane sine, og rose dei når du veit dei har oppnådd noko som er bra for den einskilde eleven, sjølv om det kanskje var det lågaste resultatet i klassen.