torsdag 11. september 2008

Observasjon i skulekvardagen

Neste veke skal vi endeleg ut i praksis. Dette er noko eg har sett fram til lenge, og eg har forhåpningar om ei kjekk veke med mange nye og lærerike opplevingar. I pedagogikken denne veka har vi blant anna lært om korleis vi skal observere når vi er rundt på skulane. Observasjon er veldig viktig som grunnlag når vi skal prøve å tolke det nokon andre uttrykkjer på ein korrekt måte. Det er lett for at det oppstår mistolkingar, derfor må ein observera slik at ein kan skildra det ein faktisk ser, og ikkje det ein trur ein ser. Ein må vera forsiktig med å trekkja konklusjonar som kan få negative verknader. Sjølv om det i desse timane i hovudsak dreidde seg om korleis ein skal observera elevane ute i klassane, så er det viktig å tenkje over dette også i kvardagen.


Noko av det eg hugsar best i frå pedagogikken denne veka, er ordet persepsjon. Persepsjonsprosessen handlar om at du lagar deg ei meining utifrå det du har sansa. Til dømes: La oss seie at ein person som heiter Ola tidlegare har gitt deg negative erfaringar. Når du i seinare tid høyrer namnet Ola, så vil du automatisk knytte dette namnet til noko negativt. Dette kan vere litt ”farleg”, for det blir lett føre å setje folk i båsar.

3 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Du seier noko om persepsjon, inntrykk og utrykk. Får håpe vi får mange gode "sanseopplevingar" i praksisveka!

Då må vi hugse på korleis born sansar og oppfattar. Det å opptre som rollemodellar er noko ein må streva etter, sjølv om det å tenkje på korleis ein aktar seg er slitande av og til.

Steinar sa...

Hei! Flott at du har fått med deg forskjellen på sansing og persepsjon! Lukke til med observasjonane!

Tina Totland sa...

Heisann:-) ser ut så me huske det samma fra sist time:-)virka som om at du har forstått det godt.
lykke til:-)