fredag 5. september 2008

Kvifor eg vil bli lærar, og kva eg tykkjer om læraren sine mange oppgåver


Kvifor vil eg bli lærar? Jo det er eit spørsmål eg har tenkt ein del på i det siste. Eg bestemte meg ganske seint for kva eg skulle studera etter vidaregåande. Eg vurderte både politiskule, juss og barnevernspedagog, men så enda eg altså opp på lærarlinja.

Den siste tida har eg tenkt ein del og studert læraryrket litt nærare i saumane, og eg blir meir og meir sikker på at dette er noko for meg. Eg er ein person som likar å vere sosial, og omgås stort sett andre menneske heile tida. Eg likar utfordringar, og synes det er kjekt når eg kan gjere noko for å hjelpe andre. I tillegg er eg ein person som er oppteken av å ha orden rundt meg, og det kan vere ein viktig eigenskap å ta med seg inn i eit klasserom. Ein anna viktig grunn til at eg valte lærarlinja er at eg synes det er kjekt å omgås barn og ungdom. Eg trur og at min eigen erfaring i grunnskulen har mykje å seie for valet mitt. Eg har vore svært heldig med mine lærarar både på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande. Og eg har heile tida opplevd skulemiljøet som noko kjekt og spanande.

Det å få følgje ein klasse over fleire trinn og sjå utviklinga til elevane, det ser eg for meg at må vere noko av det mest givande i jobben som lærar. Skulen er utan tvil ein del av sosialiseringsprosessen, og dette er meir aktuelt i dag enn det nokon gong har vore før. Tidlegare var det mest fokus på det faglege og på disiplin, medan i dag får læraren stadig fleire oppgåver som går på oppseding og omsorg for elevane. Eit eksempel på dette er det den norske forfattaren og lektoren Inge Eidsvåg seier er lærarens ”Ti Bod”:

1. Du skal kunna og vera glad i faga dine
2. Du skal vera glad i forteljingar
3. Du skal vera nærverande
4. Du skal sjå elevane
5. Du skal vera glad i elevane dine
6. Du skal ha forventningar og stille krav til deg sjølv og elevane dine
7. Du skal ofte ha med deg noko nytt
8. Du skal bidra til trivnad og utvikling i kollegiet
9. Du skal bidra til samtalar om skulen si samfunns politiske rolla
10. Du skal våga å vera lærar

Eg vil avslutte med å seie at eg gleder meg veldig til å komma ut i arbeidslivet. Det eg vil oppnå som lærar er å kunna sjå tilbake på eit avslutta skuleår med god samvit, og sjå at kvar enkelt elev eg har ansvar for har utvikla seg i riktig retning, og oppnådd det dei har moglegheit til.

Det er heller ikkje til å stikka under ein stol at læraryrket er eit familievennleg yrke, og akkurat det er viktig for meg. Med ideelle arbeidstider når det eingong blir sånn at eg skal ha familie og heim å ta meg av=)

4 kommentarer:

Steinar sa...

Hei! Du oppgir fleire sider ved deg som heilt sikkert vil hjelpa deg i lærarkvardagen. Er det eitt eller to av Eidsvåg sine bod du personleg føler ekstra for, og kvifor det?

Marie sa...

Eg meiner at bud 1. Du skal kunna og vera glad i faga dine er eit ultimatum når du er lærar. Dersom du ikkje kan faget ditt skikkeleg vil elevane sjå det nesten med ein gong. Dette vil få ein verknad av at elevane kanskje mistar "respekten" for deg som lærar, som igjen vil øydeleggje det forholdet ein lærar og ein elev skal ha. Og dersom du ikkje er glad i faga dine, nyttar det heller ikkje å prøve å få elevane til å like det.

astrid sa...

Hei! Eg er veldig einig i at det er viktig å vere glad i faga sine. Slik som du sjølv tidlegare har skildra biografilæraren din, har nok hans engasjement for faget sitt vist deg kor viktig dette er. Også det at du ønskjer at du skal kunna sjå tilbake på eit skuleår med god samvit, synest eg er eit godt poeng. Det vitnar om at du kjem til å bli ein lærar som er glad i jobben sin, og som gir inspirasjon til elevane sine.

Steinar sa...

Fine responsar frå både Marie og Astrid her!