torsdag 25. september 2008

Pedagogiske grunnsyn

Denne veka har vi lært litt om ulike pedagogiske grunnsyn, og blogginnlegget denne veka skal handle om kor eg står med tanke på pedagogisk grunnsyn. Men kva er eigentleg eit pedagogisk grunnsyn? Eg har lært at det er ”dei ideane og oppfatningane som ligg i botn for dine pedagogiske handlingar”. Eg tykkjer det er vanskeleg å ta stilling til dette så tidleg, då eg føler eg ikkje har nok bakgrunn eller kunnskap om dette ennå. Foreløpig føler eg at eg er både einig og ueinig i fleire pedagogiske grunnsyn.

Dei psykologiske retningane eg har teke utgangspunkt i for å finna ut kor eg står er:

*Psykoanalysen
*Behaviorisme
*Humanistisk psykologi
*Økologisk eller systemperspektiv

Psykoanalysen - Eg er einig i det at underbevisstheita spelar ei stor rolle i ein persons psyke. Minner må ikkje fortrengjast, ein kan ta lærdom av dei. Eg er og einig i at årsakene til problem bør avdekkjast, slik at dei kan bearbeidast. Men psykoanalysen har lite rom for fri vilje, og altså eit heller pessimistisk menneskesyn. Dette er eg ikkje einig i.
Behaviorismen - Her blir det fokusert på det ytre, eg er einig i at det er viktig, men meiner og at ein ikkje bare kan gjere det. Ein må finne ein balanse mellom dei indre og usynlege kognitive prosessar, og den ytre observerbare åtferda. Eg er einig i at miljøet er med og formar mennesket, men til ein viss grad. I behaviorismen blir menneskesynet ofte vurdert som negativt, og det er ikkje eg einig i.
Humanistisk Psykologi – Eg trur dette er den psykologiske retninga som inneheld mest verdiar som eg er einig i. Den humanistiske psykologien har det humane, det menneskelege i sentrum. Retninga har eit positivt menneskesyn, og seier at mennesket er frå fødselen av godt, fritt og ansvarleg. Det er og viktig at det blir lagt vekt på menneskets grunnleggjande behov, og på positiv sjølvkjensle. Teorien er i stor grad framtidsorientert. Det blir ikkje lagt vekt på fortida, men det er fokus på framtidig handling. Eg tykkjer det er viktig å tenkje litt på fortida og.
Økologisk eller systemperspektiv - I denne teorien er kontekst svært sentralt, det vil seie at alt heng i hop med noko anna. Det blir og lagt vekt på at om ein del blir skada, kan det ramma heile systemet. Eg er til dels einig i dette. Dersom eit barn har problem i heimen sin, kan dette få konsekvensar på skulen, som igjen kan påverke relasjonar barnet har til andre menneske.

Så eg vil seie at mitt pedagogiske grunnsyn er ein god blanding av forskjellige retningar, og at det er under stadig utvikling.

torsdag 11. september 2008

Observasjon i skulekvardagen

Neste veke skal vi endeleg ut i praksis. Dette er noko eg har sett fram til lenge, og eg har forhåpningar om ei kjekk veke med mange nye og lærerike opplevingar. I pedagogikken denne veka har vi blant anna lært om korleis vi skal observere når vi er rundt på skulane. Observasjon er veldig viktig som grunnlag når vi skal prøve å tolke det nokon andre uttrykkjer på ein korrekt måte. Det er lett for at det oppstår mistolkingar, derfor må ein observera slik at ein kan skildra det ein faktisk ser, og ikkje det ein trur ein ser. Ein må vera forsiktig med å trekkja konklusjonar som kan få negative verknader. Sjølv om det i desse timane i hovudsak dreidde seg om korleis ein skal observera elevane ute i klassane, så er det viktig å tenkje over dette også i kvardagen.


Noko av det eg hugsar best i frå pedagogikken denne veka, er ordet persepsjon. Persepsjonsprosessen handlar om at du lagar deg ei meining utifrå det du har sansa. Til dømes: La oss seie at ein person som heiter Ola tidlegare har gitt deg negative erfaringar. Når du i seinare tid høyrer namnet Ola, så vil du automatisk knytte dette namnet til noko negativt. Dette kan vere litt ”farleg”, for det blir lett føre å setje folk i båsar.

fredag 5. september 2008

Kvifor eg vil bli lærar, og kva eg tykkjer om læraren sine mange oppgåver


Kvifor vil eg bli lærar? Jo det er eit spørsmål eg har tenkt ein del på i det siste. Eg bestemte meg ganske seint for kva eg skulle studera etter vidaregåande. Eg vurderte både politiskule, juss og barnevernspedagog, men så enda eg altså opp på lærarlinja.

Den siste tida har eg tenkt ein del og studert læraryrket litt nærare i saumane, og eg blir meir og meir sikker på at dette er noko for meg. Eg er ein person som likar å vere sosial, og omgås stort sett andre menneske heile tida. Eg likar utfordringar, og synes det er kjekt når eg kan gjere noko for å hjelpe andre. I tillegg er eg ein person som er oppteken av å ha orden rundt meg, og det kan vere ein viktig eigenskap å ta med seg inn i eit klasserom. Ein anna viktig grunn til at eg valte lærarlinja er at eg synes det er kjekt å omgås barn og ungdom. Eg trur og at min eigen erfaring i grunnskulen har mykje å seie for valet mitt. Eg har vore svært heldig med mine lærarar både på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande. Og eg har heile tida opplevd skulemiljøet som noko kjekt og spanande.

Det å få følgje ein klasse over fleire trinn og sjå utviklinga til elevane, det ser eg for meg at må vere noko av det mest givande i jobben som lærar. Skulen er utan tvil ein del av sosialiseringsprosessen, og dette er meir aktuelt i dag enn det nokon gong har vore før. Tidlegare var det mest fokus på det faglege og på disiplin, medan i dag får læraren stadig fleire oppgåver som går på oppseding og omsorg for elevane. Eit eksempel på dette er det den norske forfattaren og lektoren Inge Eidsvåg seier er lærarens ”Ti Bod”:

1. Du skal kunna og vera glad i faga dine
2. Du skal vera glad i forteljingar
3. Du skal vera nærverande
4. Du skal sjå elevane
5. Du skal vera glad i elevane dine
6. Du skal ha forventningar og stille krav til deg sjølv og elevane dine
7. Du skal ofte ha med deg noko nytt
8. Du skal bidra til trivnad og utvikling i kollegiet
9. Du skal bidra til samtalar om skulen si samfunns politiske rolla
10. Du skal våga å vera lærar

Eg vil avslutte med å seie at eg gleder meg veldig til å komma ut i arbeidslivet. Det eg vil oppnå som lærar er å kunna sjå tilbake på eit avslutta skuleår med god samvit, og sjå at kvar enkelt elev eg har ansvar for har utvikla seg i riktig retning, og oppnådd det dei har moglegheit til.

Det er heller ikkje til å stikka under ein stol at læraryrket er eit familievennleg yrke, og akkurat det er viktig for meg. Med ideelle arbeidstider når det eingong blir sånn at eg skal ha familie og heim å ta meg av=)