Kva er eigentleg leik? kven er det som leikar? Leik er noko ein driv med fordi det er morosamt, og det treng ikkje ha noko mål utøve seg sjølv. Dette vil seie at det er ein indre motivasjon som driv ein til å leike. Slik eg ser det, blir ein aldri for vaksen til å halde på med dette. Dette såg vi eit godt eksempel på i pedagogikken, Arne Næss var ein mann som leika til han var 97 år gamal. Eg meinar ikkje at alle skal utføre det så ekstremt, men eg meinar at evna til det ligg i oss alle, og vi brukar han i ulik grad. Det finnes mange formar for leik, og eg trur ikkje alle er klar over at det dei driv på med er ein form for leik.Korleis høyrer leik heime i skulen?
I L-97 var det rom for mykje leik i skulen. Ein del var kritiske til det, og meinte at all denne aktiviteten i skulen ikkje førte til noko læringsutbytte, og norske elevar skåra ganske dårleg på internasjonale testar. I K-06 er det ikkje så mykje rom for leik, no er det satsing på problemløysing og forståing og gjenskaping av kunnskapen. Eg tykkjer at leik bør ha sin plass i skulen, det er eit godt middel til læring.
Leik kan brukast til å betre samhaldet mellom elevane, dei må lære seg å samarbeide og stole på kvarandre. Ved leiking kan elevane få utvikle motorikken sin, språket sitt, og ein kan ha reine faglege leikar. Når eg gjekk på barneskule, leikte vi til dømes butikk i engelsken. Eg kan hugse at det var populært blant oss elevar, i tillegg var det ganske lærerikt. Elevane kan også lære seg å forstå og følgja reglar, og dei lærer det at ikkje alle alltid kan få viljen sin. Det er enkelte elevar som fell utanfor når det kjem til tradisjonell tavleundervisning, leik blir då ein måte å drive TPO for desse elevane som lærar best ved kinestetisk stimulering.

Leik er ein stor del av livet til ungane. Det er ein moglegheit vi bør nytta, og knytta fag opp til leik. Leik er noko elevane kan, og dei føler seg trygge på det. Det som kan skje når ungar leikar er at dei kan bli så oppslukte i leiken at dei gløymer alt rundt seg. Tida kan fly utan at dei merkar det, og dei konsentrerar seg fullt og heilt om leiken. Den tilstanden dei har komme inn i då, kallast "flow". Rolleleik er ein måte ungane kan koma seg vekk frå det daglege liv. Ungane har på vestlandet snakkar ofte bokmål når dei er i roller, ein grunn til det er at då markerer dei at dei ikkje er seg sjølve, dei klarar å gje meir av seg sjølve, og er ikkje så sårbare.
Av og til kan noko som byrja som ein uskyldig leik ende opp som ein slåsskamp. Det er ei utfording for læraren å sjå kva som er meint som leik og ikkje. Ta til dømes to gutar som fektar med pinnar. Den eine guten er veldig engasjert, og vil halde på lenge. Den andre guten er blitt lei, og vil heller halde på med noko anna. Den engasjerte guten gjer seg ikkje, og det heile endar opp med at den andre guten kjem grinande inn til læraren og seier at han har blitt slegen med ein pinne.