fredag 13. februar 2009

Motivere, korleis klare det?

Dei siste tre vekene har eg lært ganske mykje nytt omkring begrepet motivasjon. Eg har eigentleg fått eit heilt nytt syn på begrepet. I forbindelse med det har eg stilt meg ein del spørsmål. Korleis skal eg som lærar klare å motivere kvar einskild elev? Kva er det som må til? Går det eigentleg an?

Å motivere elevar
For å klare å skape ein motivasjon hos elevane er det ein del faktorar som må vere på plass. Det eg tykkjer er aller viktigast for at det skal gå an, er at ein som lærar må kjenna elevane sine godt. Ein må veta mykje meir enn korleis elevane klarar seg fagleg, ein må veta kva som er interessene deira, og kva som opptar elevane aller mest. Ein lærar må bruke interessene til elevane, og knytte dei opp mot det faglege.

Nokre ulike motivasjonsteoriar
Det behavioristiske perspektivet legg stor vekt på straff og belønning. I Imsen står det at i klassisk behavioristisk teori er det straff og belønning som er hovudårsaken til at individet engasjerer seg og utfører ein handling. Dette er eg ganske einig i, det finnes mange ulike situasjonar der individet ikkje ser den eigentlege meininga med å gjere den oppgåva dei skal, og då treng dei ein ekstra motivasjon for å utføre oppgåva. Dette gjeld både elevar og vaksne.

Det humanistiske perspektivet seier at alle sider ved personen kan bidra til å skape motivasjon, både tankar, følelsar og oppfatningar av omverda (Imsen, 2006). Det seier også at både tillærde og medfødde behov kan liggje til grunn for motivasjon. Det er noko eg er heilt einig i. Det er sjølvsagt mange behov som er medfødde, slik som mat og drikke, og andre livsviktige ting. Eg trur likevel at nokre av behova til oss menneske blir forma utifrå det miljøet vi lever i.

Indre og ytre motivasjon
Når vi snakkar om motivasjon er det vanleg å skilja mellom indre og ytre motivasjon. Indre motivasjon er når eit individ gjer noko fordi det er kjekt og meiningsfylt, og når ein aktivitet i seg sjølv er nok til at individet held den ved like. Eg tykkjer indre motivasjon er svært viktig, og at målet til oss lærarar må vere å skape indre motivasjon hos elevane. Det er då elevane lærer det dei held på med aller best.

Ytre motivasjon er når eit individ kun held på med ein aktivitet fordi dei ser at dei kan få ei belønning som eigentleg ikkje har noko med aktiviteten å gjere. Til dømes så er det jo eit kjent fenomen at ungar ofte blir lova dessert dersom dei et opp all middagen først. I skulesituasjon meinar eg at ei slik belønning kan kallast ein slags ”falsk motivasjon”, og at det eigentlege formålet med oppgåva blir vekke. Eleven tenkjer kun på belønninga og ikkje det ein skulle ha lært av prosessen.

Ei av oppgåvene mine som lærar vil verta å skapa indre motivasjon hos elevane, og eg trur at ein må ta i bruk litt ytre motivering for å oppnå dette.

fredag 30. januar 2009

Konstruksjon og design



FIRST LEGO LEAGUE

Denne bloggen er skriven som ein logg og refleksjon over det prosjektet vi har holdt på med i veke 3 og 4. Eg går ikkje noko særleg inn på detaljar omkring FLL, så for dåke utanforståande kan det vere vanskeleg å forstå alt. På nettsida hjernekraft.org finn dåke ein del info om kva det dreiar seg om=)

Fredag 9. Januar møtte eg opp på praksis skulen. Vi var 11 studentar som hadde eit møte med rektoren på skulen, der vi fekk ei innføring i kva First Lego League eigentleg dreiar seg om. Vi fekk alle installert eit program på PC’ ane våre, som vi skulle bruke til å lage program til ”roboten” vår. I utgangspunktet var vi 11 studentar som skulle fordelast på 6 robotar, men så viste det seg at 4 av robotane var utdaterte. Det blei ein del omorganisering, og vi delte oss til slutt opp i to grupper. Det førte til at det blei litt endringar i heile opplegget, men alt i alt så gjekk det greitt. Etter møtet kunne vi setja i gong med bygginga. Nokre elevar som sjølve har vore med på Lego League kom og viste oss litt korleis ting skulle gjerast.

Måndag 12.1 og tysdag 13.1 møtte vi på skulen kl. 9. Vi hadde blitt einige på førehand om at alle skulle ha sett seg inn i reglane og oppdraga til Lego League i løpet av helga. Desse dagane gjekk med til bygging av roboten og utstyr til den. Det blei automatisk sånn at dei mest tekniske og datakyndige tok seg av den biten, medan vi andre begynte litt på dei oppgåvene. Eg brukte sjølv ein del tid på å setja meg inn i den ”formelle” delen av Lego League.

Onsdag 14.1 var ein dag vi byrja å kjenna litt på nervane. Konkurransen var rett rundt hjørna og vi byrja å få dårleg tid. Vi hadde fått programmert ein del på roboten og alt var nesten i boks, men så begynte ting å snu. Då måtte vi gjere ein del endringar i programma, og var ikkje akkurat heilt førebudde til konkurransen.

Torsdag 15.1 var den store dagen. Det verka som om det var veldig kjekt for dei elevane som var tilskodarar å få sjå på konkurransen. Dei verka minst like spente som oss andre. Det var ein god stemning i aulaen, dei hadde rigga til storskjerm som gjorde det lettare for tilskodarane å sjå robotane. Når konkurransen var over, satte vi oss ned og hadde eit møte angåande resten av prosjektet. Vi blei einige om å arbeida som ei stor gruppe, då det blei mest naturleg. Så delte vi oss opp i mindre grupper og fordelte resten av arbeidet med fagteksten og presentasjonen. I tillegg delte vi oss opp i tre nye grupper, der kvar gruppe fekk ansvar for å lage eit opplegg til undervisningsdagen 29.1. Eg blei med på gruppa som skulle lage eit opplegg for husbygging.

Fredag 16.1 jobba eg med ein del av fagteksten. Det gjekk ganske greitt, mi oppgåve var å skrive generelt om kva FFL er og korleis det føregår.

Måndag 19.1 jobba gruppa mi med å lage eit opplegg for husbygging i lego. Vi var fire stk. på gruppa, og skulle ha ansvar for ca 22 elevar om gongen. Vi bestemte oss for at elevane skulle få ganske frie tøylar når det gjaldt konstruksjon av husa, men vi satte grense for kor stort det kunne vere. Vi lagde ekstraoppgåver dersom det var elevar som blei kjapt ferdige med husa.
Tysdag 20.1. I dag samla vi oss alle saman (Sagvåg gjengen) for å flette saman det vi hadde skrive til ein presentasjon. Vi bestemte kven som skulle seie kva og korti.

Under presentasjonen vår torsdag 22.1 kunne ikkje eg vere tilstades pga. sjukdom.


Refleksjonar

I byggeprosessen vart det litt problem med at vi var så mange. Likevel gjekk det greitt, vi bare delte oss opp automatisk og gjorde forskjellige oppgåver som falt oss naturleg. Vi burde nok ha samarbeida litt meir og sett oss ned å fordelt oppgåver, og bytta på dei undervegs. Då hadde alle fått følelsen av at dei hadde delteke i alle prosessane.

Når det gjeld samarbeidet i gruppa så kunne nok det ha vore betre. No jobba vi ikkje i reine praksisgrupper, og det var jo litt nytt. Vi fann alltid løysingar, men hadde vi samarbeida betre kunne vi spart oss for mykje diskutering og vore meir effektive. Likevel følte eg at det vart betre litt lenger ut i prosjektet. Når vi arbeida med fagteksten, undervisningsopplegga og presentasjonen fungerte samarbeidet veldig bra.

Undervisningsopplegg 29.1.
Det var klart for siste dag med dette prosjektet. Vi som skulle ha husbygging møtte på skulen kl. 07.30, for å gjere klart dei siste førebuingane. Eg blei veldig overraska over kor fint dagen gjekk, elevane arbeidde konsentrert og hadde det kjekt. Det var arti å sjå at 6. og 7. klassingane var minst like engasjerte som 5. klassingane. Det var sjølvsagt episodar der ikkje alle var like opptekne av å gjere det dei skulle. Likevel blei eg overraska over å sjå at dei elevane vi hadde forventa at skulle bli litt problem med oppførte seg ganske bra.

mandag 29. desember 2008

Ein blogg om blogging=)

No er vi komne til det siste blogginnlegget i dette semesteret, og det er ganske utruleg kor fort tida har gått!

Då eg byrja på HSH i haust var blogging ganske ukjent for meg. I byrjinga kvidde eg meg litt til det, men når eg ser tilbake på det, så ser eg at det har vore veldig lærerikt for meg. Det set krav til at du må setja deg inn i det nye stoffet vi lærer kvar einaste veke. Til tider har denne blogginga vore litt stressande, spesielt når det har kome i tillegg til mykje anna som skal gjerast. Det er også ganske tidkrevjande, men uansett så tykkjer eg det er ein metode som fungerer godt for meg, då eg jobbar best når eg har litt press på meg. I bloggen får eg formulere det nye lærestoffet med eigne ord, og det er då eg hugsar det best.

Det har også vore svært lærerikt for meg å lesa andre bloggar. Lærestoffet blir forklart på ulike måtar, og når eg les bloggar til andre så hender det at eg plutseleg ser noko på ein heilt anna måte enn eg gjorde tidlegare.

Eg vil ønskja dåke alle ei god jul og eit godt nyttår=)

søndag 30. november 2008

Ulike typar intelligensar

I pedagogikken denne veka har eg lært om intelligensteori og læringsstilar. Eg har tenkt ein del på dette emnet, kva er eigentleg intelligens? Kven er det som har rett til å bestemme at ein suksessfull advokat er meir intelligent enn ein kunstnar som lever av å selje eit bilde i ny og ned? Det finnes mange eksempel på at det ikkje bare alltid er dei elevane som gjer det bra på skulen som lykkast her i livet. Ta for eksempel Albert Einstein. Han var ikkje akkurat noko skulegeni, i tillegg hadde han ADHD og vart rett og slett misforstått på skulen. Det finnes ikkje svar på kva som er intelligens. Vi menneske har mange ulike typar intelligensar, og heldigvis for det! Korleis hadde verden vår sett ut idag viss ikkje?


Howard Gardner er professor i pedagogikk og neurologi. Han har lenge forska på menneske sine intelligensar. Han hevdar at alle menneske er fødde med dei ulike typane intelligens, men dei blir utvikla ulikt ifrå person til person. Denne teorien kom han med på 80- talet, og det blir kalla multi- intelligensar (MI). Gardner seier at vi menneske har minst ti ulike typar intelligensar, og at dei er lokaliserte på bestemte stader i hjernen.


Her har eg repetert litt for meg sjølv, og skrive litt om 8 av dei ulike intelligensane.


1. Verbal- lingvistisk intelligens:
Det er evna til å lære seg munnlege og skriftlege språk, og evna til å bruke kunnskapen sin om språk for å oppnå noko.

2. Logisk- matematisk intelligens:
Evna til å gjere ein logisk analyse av problem, evne til å bruka matematiske utrekningar og til å gjere vitskapelege undersøkingar.

3. Musikalsk intelligens:
Evne til å uttrykkje seg musikalsk gjennom å meistra eit instrument

4. Spatial intelligens:
Evne til å sjå rimlege relasjonar, godt utvikla hos til dømes kunstnarar.

5. Kroppsleg eller kinestetisk intelligens:
Evne til å kontrollera kroppsrørsler, og til å bruka kroppen for å skapa noko eller løysa eit problem.

6. Interpersonleg intelligens:
Evne til å oppfatta andre menneske sine kjensler, følelsar og behov. Forstår ulike relasjonar mellom mennesker.

7. Intrapersonleg intelligens:
Ein person som har sjølvinnsikt, altså kjenner har seg sjølv og kan setja seg realistiske mål. Han har og innsikt i eigne kjensler og handlingar.

8. Natur- intelligens:
Evne til innsikt og kunnskap om den levande naturen, kjærleik til andre levande organismar.

mandag 24. november 2008

Sosiokulturelle perspektiv

Denne veka har eg lært ein del om det sosiokulturelle synet på læring, og ein del om ein mann som heitte Lev Vygotskij. Det sosiokulturelle perspektivet tar utgangspunkt i at læring skjer som ein sosial og kulturell prosess, og ikkje individuelt. Det individuelle er eit resultat av sosialt samspel. Denne teorien fokuserer på elevens læring, men understrekar også kor viktig rolla læraren har som veileder og støtte.

Lev Vygotskij var ein pedagogisk tenkjar og psykolog. Han bygde opp ein psykologi på eit marxistisk grunnlag. Dei sosiokulturelle perspektiva vi har i dag byggjer mykje på Vygotskij sin psykologi.

Vygotskij meiner at språk er den viktigaste reiskapen som vi menneske har. Han seier at språket ikkje er noko vi eiger, men noko som samfunnet har skapt. Dette avgjer altså korleis vi ser på verden rundt oss. Språk fungerer både innover og utover, altså er det både internalisering og eksternalisering.

Internalisering: Det vil seia å ta noko til seg. Ein tilegnar seg noko ifrå omgivnadene, til dømes viss ein lærer seg eit nytt språk.

Eksternalisering: Det vil seie å gi noko frå seg. Ein gir frå seg tankar, følelsar, språk ein har inni seg, og deler det med omgivnadene.
Vygotskij meiner og at all utvikling og kunnskap først skjer sosialt, og så individuelt. Utviklinga skjer to gangar og på to plan, først ilag med andre, og så på eiga hand etterpå.

I dagens samfunn er dei sosiokulturelle perspektiva ganske aktuelle. Eg synes sjølv det er ein grei læringsteori, og synes det er viktig at elevane kjem fram i lyset. Eg synes ein bør gjere mest mogleg for å prøve å forstå elevane betre, og korleis dei tenkjer.

søndag 16. november 2008

Konstruktivisme

Utgangspunktet til konstruktivismen er at individet må konstruere kunnskap på eige hand. Dette er i motsetnad til læringsteoriane behaviorisme og kognitivisme som seier at kunnskap skal overførast. Når det gjeld dette er eg mest einig med konstruktivismen, eg meinar at ein må fokusere meir på elevens læring enn på lærarens undervisning. Elevane er ulike individ, ein må bli kjend med elevane og deretter tilrettelegga undervisninga etter deira behov.

Piaget sa at læringsprosessen består av to delprosessar, assimilasjon og akkomodasjon.

Assimilasjon vil seie ”å tilpasse verden til seg sjølv”. La oss seie at eg har eit mentalt skjema om ein ting/ eit emne. Ved assimilering så lærer eg noko nytt som eg knyt til det mentale skjemaet som eg har om den tingen/ det emnet. Eg tolkar informasjonen ut ifrå dei mentale skjema eg har frå før. Dette treng ikkje nødvendigvis vere korrekt informasjon, ein kan tilføre ting som ikkje stemmer til eit mentalt skjema.

Akkomodasjon vil seie ”å tilpasse seg sjølv til verden”. La oss seie at eg lærer noko om ein ting. Så viser det seg at det mentale skjemaet eg hadde om den tingen frå før av var feil, då må eg endre på det mentale skjemaet og tilpasse meg til den nye kunnskapen eg har lært.

Assimilasjon kan skape ubalanse utan at ein er klar over det. Her lærer ein ting slik ein sjølv oppfattar det. Dersom ein ikkje er klar over at det er ubalanse i det ein lærer så blir ein verande på dette nivået. Det er med akkomodasjon at læringa verkeleg startar, for der får ein riktig informasjon.


Piaget har og sagt at ein har ein indre motivasjon for å tileigne seg kunnskap, dette blir kalla likevektsprinsippet. Han seier det er ein medfødt indre prosess. Dersom eg får vite at noko eg har gått rundt å trudd ikkje stemmer likevel så får eg ein ubalanse. Likevektsprinsippet seier at når eg får ein slik ubalanse så skapar det motivasjon til at eg vil finne ut kva som er riktig.

fredag 7. november 2008

Kognitiv læringsteori

Dei kognitive teoriane fokuserer på dei indre tankeprosessane. Etter timen vi hadde på onsdag så begynte eg å tenkje litt på korleis hjernen faktisk fungerer. Det er temmeleg utrulege greier, og ikkje så enkelt å forstå seg på.

Hukommelse er og ganske fascinerande. Det at hjernen kan lagre informasjon i kortidsminne og langtidsminne, at den kan hente fram informasjon når du treng den, og at du plutseleg kan komma på noko du eigentleg hadde gløymt heilt ut.

Dei kognitive læringsteoriane deler langtidsminnet inn i tre grupper:
Ferdigheitar- Dette er ting som er blitt automatiserte. For eksempel så trur eg aldri eg kunne gløymt korleis ein syklar eller går, uansett kor lenge det var sidan sist.
Episodisk- Dette er når informasjonen du tar inn blir knytt til noko personleg, når det er noko du sjølv opplever. For eksempel: vi har ei hytta oppe på hardangervidda, og der har eg vore mange gongar. Sjølv om det er lenge sidan sist så kan eg bare lukke igjen auga, og då klarar eg å sjå føre meg akkurat korleis det ser ut.
Semantisk- Dette er kunnskap som er vanskeleg å få tak i. Det er informasjon som blir oppfatta som kjedeleg (det er ofte under denne kategorien skulen kjem innunder).
Her kan vi sjå at det er viktig for oss lærarar å gje elevane noko å hengja kunnskapen på, vi må visa dei parallellar til noko dei allereie kan, og prøva å gjere det kjent og personleg.

Av og til skulle eg ønskje at hjernen hadde ein funksjon der ein bare kunne stenge ute tankar og minner. For det er ikkje bare kjekke minner som kjem innunder det episodiske langtidsminnet. Tragiske og triste hendingar er naturlegvis personlege for dei som er innblanda, og dette er minner som følgjer ein resten av livet. Ein kan ikkje plukke ut dei minna ein vil halde på, dersom noko hamnar innunder den episodiske kategorien så må ein ha dei med seg i hukommelsen.