torsdag 28. august 2008

Ein lærar eg hugsar godt


Dei siste dagane har eg gått og tenkt litt på kva lærarar eg har hatt opp gjennom tidene, og kven av dei eg hugsar best. Eg synes sjølv eg har vore heldig og hatt mange gode lærarar både på barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande. Kanskje dette har vore med og inspirert meg til å velje læraryrket? Men eg har no kome fram til at den som har gjort størst inntrykk på meg var ein biologilærar eg hadde på vidaregåande. Han var ein lærar som såg kvar einskild elev i klassen, og sjølv om einaste faget eg hadde han i var biologi så vart han den eg gjekk til dersom det skulle vere noko. Han ordna alltid opp, uansett kva det skulle vere.

Noko av det som gjorde han til eit forbilde av ein lærar var at han var så strukturert. Han var alltid godt førebudd til timane, var kjapp med å rette prøvar, og han var flink til å læra i frå seg. Det som var litt spesielt var at vi verkeleg kunne sjå forskjell på innsatsen elevane gjorde i hans timar, i forhold til timane i dei andre faga. Han var så respektert at alle hadde lyst å gjere det godt på prøvane, og det vart nesten slik at vi var redde for å ”skuffa” han dersom vi gjorde det dårleg på ein prøve.

Ein anna eigenskap som er vesentleg å trekkje fram som grunn til at eg valte å skriva om denne læraren er at han brenn verkeleg for faget sitt. Ein gong i veka hadde han ekstratimar med dei som ville i fritimane hans, og det gav oss eit inntrykk av at våre karakterar og vår forståing for faget var veldig viktig for han, sidan han hadde timar med oss der han ikkje fekk betaling.

Eg vil avslutte med å seie at dette er ein lærar som har gjort sterkt inntrykk på meg, og eg trur aldri eg kjem til å gløyme han. Han er eit stort førebilete for meg som vil bli lærar.